fredag 17. april 2015

Oppdrag 20 - Filmanmeldelse

Bildekjelde (HER)
Hei kjære lesar!

Idag fekk me eit spennande og litt tradisjonell oppgåve, å skrive ein filmanmeldelse.
Eg valgte filmen "White Chicks", så her har du min filmanmeldelse:

Bildekjelde (HER)
Tittel: White Chicks
Ressisør: Keenen Ivory Wayans
Utgivelsesår: 2004
Hovuds-skodespelara: Shawn Wayans and Marlon Wayans

 

Handlingsreferat:

To FBI agenter får som oppgåve å køyre kjendissøstrene Wilson frå flyplassen til the Hamptons. På veien klarer dei å krasje, og søstrene får et aldri så lite kutt i ansiktene sine. Dei nekter å reise på arragementet dei skulle på, så FBI agentene må klekke ut ein god idè. Det dei bestemmer seg for at dei skal gjere er å kle seg ut som søstrene og late som de er dem mens de er i the Hamptons.


Min meining:

Det eg synes var bra med denne filmen, var at den heile tida var morosam. Denne filmen byr verkeleg på mykje latter, og det er absolutt ein bra komedie! Filmen passer frå omlag 10år og oppover, og den kan anbefalast på det sterkaste!


 

  
 
 God helg!         


fredag 20. mars 2015

Oppdrag 19 - Påske!

Hallo!

Det oppgåven var idag, var å skrive om påske!

Påske er ein kjekk ferie. Mange forbinder påsken med skiturer, påskekrim hytta, påskeegg, harer, kaniner og mykje meir. Påsken er eigentleg det at dei kristne feirar den største høgtida, det at Jesu lidelse, død og oppstandelse. Det er ikkje dette som er grunnen til at mange feirer det, og ser heller på påsken som ein vanleg ferie. Eg tenkjer at det eigentleg er litt merkeleg, sidan me feirar jo det på grunn av Jesus, og kva er då vits med påske, når det er mange som ikkje tenkjer over kva påsken eigentleg handler om?


Eg tenkte å skrive ei liste med forskjellige tips til kva du kan finne på i påsken:

Du kan:
Reise på hyttetur
 
Stå på slalom
 
Bake rundstykker
 
Lage påskepynt
 
Gå fjelltur
 
Reise på storbyfeire
 
Gå langrennstur
 
Reise til Syden
 
Lage dessert
 
Lete etter påskeegg
 
Kle deg ut som påskehare/påskehare
 
Spis masse snop!
 
Se film
 
Lese en god bok
 
Gå på shopping
 
Jobbe - tjene litt penger
 
Bildekjelde (HER)


Bildekjelde (HER)







Bilde kjelder (HER)
 
 
Ha ein veldig flott påske alle saman! 

fredag 13. mars 2015

Oppdrag 18 - VÅR !

Hei og hallo!

Idag fekk me eit veldig kjekt oppdrag, me skulle skrive og ta bilder om våren. Eg er veldig glad i våren, og synes det var bra at det var dette som var oppdraget. Det var veldig fint vêr ute, så det var også bra!

Sara og eg tok mange bilder, og her er nokre av dei:

 


 

 
 




Eg fann også eit veldig fint dikt, som eg følte passa til temaet me hadde idag! Kjelde (her)

Solen skinner!
 varme sommer vinder blåser
salt sjø over bare føtter i sand
Solen skinner
varme høst vinder blåser
håret flagrer i takt med løv som faller
Solen skinner
varme vinter vinder blåser
Snø fnugg danser lekende i ring
Solen skinner
varme vår vinder blåser
blondegardinen vinker vinteren farvel

fredag 27. februar 2015

Oppdrag 16 - Info om meg!

Heisann!
Bildekjelde (HER)
I dag var oppgåva å enten å skrive om korleis det er å vere ungdom i 2015, eller å skrive korleis ein god blogg er. Eg valgte å skrive korleis det er å vere ungdom, og korleis det er å vere meg!

Navn: Karen
Alder: 15 år
Bosted: Sandnes
Familie: mor, far, tre søsken, og ein hund
Skole: Lundehaugen

Dagen min:
Kvar morgon har eg vekkerklokka på 06.30, men eg står sjeldant opp før 07.00. Så kler eg meg og går ned og lufter hunden vår Goddi. Eg går ein god tur, før eg kjem inn og lager mat til Goddi. Deretter går eg opp og et frukost og smører nistemat. Derretter går eg opp å sminker meg, og så spring eg alt eg kan til bussen for å rekke skulen.

På skulen har me mange forskjellige fag, men blant anna matte, norsk, gym, valgfag og mange fleirne! Eg synes det å gå på skulen både er stress, men også veldig kjekt og lærerik!

Etter skulen går eg eller tar buss heim. Når eg kjem heim et eg lunsj, og gjer lekser. Om ettermiddagen er eg enten på trening, på sang, teater, eller med venner. Kvar helg jobbar eg som servitør. Eg legg meg i 22-23 tida.

Dette var då altså ein kort oppsummering av dagen min!

Kvar er eg om 10 år:
Om ti år tenkjer eg at eg er ute i jobb, eller studerer. Eg håper eg enten har gifta meg eller hvertfall har ein kjærast.

Kjæreste eiendel:
Det trur eg må bli macen min, med alle bileta på, eller alle fotoalbuma me har.

Forbilde:
Eg har eigentleg ingen forbilder, men eg blir inspirert av mange! Det som inspirerer meg er ofte mennesker rundt meg eller mennesker eg møter på.

Livsmotto:
Hakuna matata! ( Det betyr ingen bekymringer)

Det var då litt om meg, så håper eg du har blitt litt betre kjend med meg enn det du var frå før!

fredag 13. februar 2015

Oppdrag 15 - Valgfri - Ny lærar!

Hei bloggen!


Bildekjelde (HER)
I dag kom den nye læraren, og det var veldig kjekt, sidan dette har me gleda oss til lenge! Ho virka veldig koselig, og som om ho hadde god peiling innan faget. Over til oppdraget som me fekk i dag, var det ein valgfri oppgåve mellom å anten skrive om kva me ville ha jobba som, viss me skulle ha jobba innan media. Den andre oppgåva var å skrive om drømmeintervjuet vårs.

Eg valgte oppgåven drømmeintervjuet, og då tenkte eg at den personen hadde valgt å intervjua, var ein av dei rikaste kjendisane. Det eg hadde hatt lyst  å spurt han/ho om, var om korleis dei tenkte om urettferdigheta som me har i verda. Eg hadde spurt om han/ho tenkjer at godene er delt likt og kva dei tenkjer om dette.


Bildekjelde (HER)
Grunnen til at eg ville intervjua han/ho, var sidan eg tenkjer at det at nokon skal ha så sykt mykje meir pengar enn andre, og at det er så urettferdig ferdigt fordelt, er ganske feigt. Me som bur i Noreg er jo veldig heldige, i og med at me er eit av verdas rikaste land. Eg trur ikkje at alle er klar over kor heldige me som bur her er.


Som ein avslutning tenkjer eg at det å intervjua denne personen hadde vore ein veldig interessant og lærerik opplevelse.
Dette trur eg hadde lært veldig mykje av og at eg hadde sett på korleis personen såg på det. Eg tenkjer at det også hadde vore interessant å intervjue ein veldig fattig person, men det får eg skrive om ein anna gong!

Q: Kven hadde du valgt å intervjua, viss du kunne velge kven som helst?

-Karen


fredag 6. februar 2015

Oppdrag 14 - Hei-verden

Heisann!

Oppdraget for idag var å skrive om den innsamlingsaksjonen me hadde for Zambia.

Hei-verden er ein aksjon som jobber for at alle i verda skal få moglegheten til å gå på skule. Det dei har skrevet om dette på heimesida deira er :

Hei Verden er en skolerettet informasjons- og bistandsorganisasjon som er livsynsnøytral og politisk uavhengig, med verdigrunnlag i FNs barne- og menneskerettighetskonvensjoner. Vår visjon er skole for ALLE barn.
Hei Verdens formål er tredelt:
  • bidra til at marignaliserte barn i Sør får tilgang til grunnskoleutdanning av god kvalitet
  • spre kunnskap om Nord/Sør-frohold til norske grunnskoleelever
  • engasjere elever i norsk grunnskole til solidaritetshandlinger
Hei Verden ble stiftet i 1973 av engasjerte skolefolk i Haugesund og Stavanger. Fram til 2000 var organisasjonen kjent under navnet  Skolenes U-landsaksjon. Siden starten har organisasjonen støttet utviklingsprosjekt i mer enn 23 land. I 2012 samarbeider Hei Verden med lokale partnere i Zambia, Laos, og Peru.
-Kjelde (HER)

Det skulen gjorde var at først me i elevrådet blei enige om kvifor eit land me skulle gje pengane til, og endte opp med Zambia. Deretter var det slik som i fjor, at åttende klasse har slik aktivitetskveld, medan niende har arbeidsdag og tiende går med bøsser.

Åttandeklassingane hadde ein aktivitetskveld på onsdag og det dei gjorde var å ha forskjellige kjekke, utfordrande og spennande aktiviteter for heile familien! Dei seiar også at dette var ein veldig vellykka kveld. (anonym,8f)

Det niandeklassingane gjorde var å ha ein arbeidsdag, og då få lønn, som dei samla inn. Dei aller fleste var heima og jobba, men det var nokon få som hadde funnet forskjellig plassar som dei jobba på.

 Me som tiendeklassinger gjekk med bøsser i to timer, og samla inn penger. Eg synes det er bra at me som bur i Noreg og har eit slikt bra skulesystem kan vere med å hjelpe dei som ikkje har like godt system, med å få det betre.

fredag 30. januar 2015

Oppdrag 13- Yrkesmesse

Hei bloggen!

No er det veldig lenge siden eg har oppdatert bloggen! Læraren vår Hanne Fjordholm, har slutta, og den nye læraren vår kjem ikkje før neste gong. Eg gleder meg til å få ny lærar, det blir bra!!

Torsdag for to veker siden, 16.januar, hadde me yrkesmesse. Dette hadde me jobba med siden mandagen, og på torsdagen skulle me vise det frem. Eg hadde yrket personlig-tren

ar, og var på gruppe med Ingrid, Mads, Sander og Jenny. Jenny var sjuk heile veka så ho var ikkje med. Eg var veldig fornøyd med gruppa og me fekk gjort det me skulle gjere.


På måndagen fordelte me oppgåvene. Guttane skreiv intervju, medan Ingrid og eg skreiv den "skriftlige oppgåva". Me fann også fakta til plakaten. På slutten av dagen reiste me å prøvde å få takk i "shot-glass", på Europris, men begge Europrisane me var på, var utsolgt.

På tysdagen var me på Forus og intervjua ein personlig-trenar. Intervjuet var vellykka. Då me kom tilbake lagte me plaktar.

Onsdagen var dagen då me gjorde det me ikkje hadde gjort. Me hang opp plakatane, og Ingrid og eg handla inn til smoothie, og laga smoothien. Det tok mykje lenger tid enn det me hadde trudd, og me brukte nesten 3 timar.

På torsdagen hadde me dei første timane til å gjere oss klare til alle kom. Dagen gjekk veldig fort, og om kvelden kom foreldrene og dette var veldig koselig.

Alt i alt var dette ei kjekk veke, som eg lærte mykje eg ikkje kunne frå før av. Dei andre sine stander virka også interessante, men eg fekk ikkje så veldig god tid til å sjå på dei. Eg synes det er veldig bra at nesten alle la ned arbeid i det me gjorde.

-Karen
Kjelder (HER)

fredag 12. desember 2014

Oppdrag 12 - Juleball

Heisann!

Idag var oppdraget å skrive om juleballet. Sara og eg tenkte å gjere det på ein annleis måte enn me hadde gjort før, så då tipsa Hanne oss om å ha spørjeundersøkelse i klasser. Me var inne i totalt 3 klasser. Det var totalt 50 jenter og 34 gutter.

Her er resultatet:

Jenter


Gutter




Som du ser var det ganske variererande frå gutane og jentene om kva dei synes.
Gutane var mykje meir positive synes eg, sidan det var ingen som ikkje synes det var kjekt! Dette synes eg var veldig kult, og kanskje det seiar oss at jenter ikkje må vere så negative?



fredag 5. desember 2014

Oppdrag 11 - Advent

Heisann!

Idag er temaet advent, og for å løyse det på ein kreativ måte tenkte eg lage forslag til kva du kan gje i kalendergåve!

Advent er jo ventetida frem til julafta. Mange har adventskalender som ein "nedtelling" med gaver frem til jul. Det er mange som synes det å finne gåver til kalenderen kan vere vanskeleg, viss eg skulle laga kalender til meg, ville eg hatt denne! Så her skal eg laga eit eksempel til ei 15 år gammal jente:



1.desember - sminkebørste (HER)
2.desember - hårklyper (HER)
3.desember - eos lip balm (HER)
4.desemeber - hot mama blush (HER)


5.desember - tangle teezer (HER)
6.desember - Tørrshampoo (HER)
7.desember - rosa sløyfe refleks (HER)
8.desember - neglelakk (HER)


9.desember - muffinsformer (HER)
10.desember - skål (HER)
11.desember - speil (HER)
12.desember - cookies (HER)

13.desember - deksel (HER)
14.desember - headset (HER)
15.desember - fish eye lens (HER)
16.desember - macaroons mat (HER)
17.desember - hårbørste (HER)
18.desember - øyenskygge (HER)
19.desember - eyeliner (HER)
20.desember - øyenbrynsfarge (HER)

21.des - cupcakes former (HER)
22.des - skål (HER)
23.des - krus (HER)
24.des - sjokoladefondusett (HER)



Dette tok veldig lang tid, ahhah, trur eg har brukt ca tre eller fire timer, men no var eg endelig ferdig! Eg håper at alle lesare får ei god jul, og eg håper denne kalendere kan hjelpe deg til å finne gåver neste år.

Denne oppgaven var veldig interessant, eg gjorde ein heilt annan måte enn eg har gjort før, men det var sykt kjekt å gjere det slik :D

-Karen












































                                                   

fredag 28. november 2014

Oppdrag 10 - Vaksine

Hei!

I dag skulle alle 10.klassingane ta vaksine. Det me tok vaksine mot var Polio, Stivkrampsprøyta og Difteri. Eg tok vaksina på onsdag, sidan eg har sprøyteskrekk, eller eg trur ikkje det er skrekk, det er meir ekstrem angst. Derfor delte eg ut pepperkaker til dei som skulle ta den. Det var totalt 5 helsesøstre på skulen, så det gjekk kjempe fort!

Eg og Sara laga ein teikneserie om det å ta vaksine;





 
Deretter intervjua eg fire personer i klassen:
 
Gruet du deg til å ta sprøyta?
- Det gjorde eg ikkje, det går heilt fint
- Ja, veldig, har angst for sprøyter!
-  Tjaa, litt, men det gjekk fint!
- Nei! Eg har aldri vært redd for sprøyter
 
Gjekk det bedre enn det du hadde tenkt?
- Ja,  det gjorde det.
- Nei, eg synes det gjorde heilt sykt vondt!
- Ja, mykje betre!
- Ja, trodde det skulle vere sykt mykje verre!
Eg synes dette var eit greit oppdrag, og det var kjekt å gjere det på ein annleis måte en slik me pleier. 


fredag 7. november 2014

Oppdrag 8 - Sandnesposten Oppdrag 8 - Sandnesposten

Heisann!
 
Sist veke kom det ikkje noko oppdatering frå meg, i og med at klassen i valgfag var i sandnes og besøkte Sandnesposten. Det var ein veldig kjekk, lærerik og spennande opplevelse. Her skal du få høyre litt om det me gjorde:
 
Det første som skjedde var at me kom inn, og redaktøren fortalte oss om kva Sandnesposten var og korleis dei jobber. Redaktøren heitar Frode M. Gjerald, og han var veldig hyggeleg. For aviser no til dags, er det ganske vanskelig å klare å gå rundt økonomisk. Derfor er det viktig at dei tjener penger på annonser, og Sandnesposten har ein annonse inntekt på 5 millioner per år.
 
Litt om Avisa;
 
  • 8 stk som jobber der fast, då med redaktøren Frode i spisse, og med andre ansatte fordelt på redaksjon, markedsavdeling og administrasjon.
  • Avisa blei oppretta på slutten av 1980-talet
  • Sandnesposten blir produsert grafisk på Bryne, og trykkt i Egersund.
  • Er ein del av "Nordsjø media", som er eit 8 aviser som er eid av same selskap.
  • I kvar utgåve av avisene,  prøver redaksjonen å ha 120 sider.
For at avisene skal ha noko å skrive om, må enten journalistene finne på noko, som dei veit mange er interesserte i, eller at lesare tipsar inn. Frode oppfordrer alle til å tipse avisa, same om det er ein stor eller liten sak, alt kan bli gjort til noko stort. Han sa også at det har mykje å seie når på døgnet artikkelen blei publisert, og det er ikkje lurt å puplisere noko ein fredagskveld akkuratt når skavland går, men heller ein morgon når folk akkuratt har kom på jobb og skal skjekke nyheter.
 
Kvardagen til ein journalist er varierande, og den begynner ofte med eit morgenmøte det dei blir einige om kven som gjer kva. Deretter gjer dei seg klar for å reise ut for å følgje saker, og gjer eit godt forarbeid. Etterpå reiser dei ut, og når dei kjem tilbake må dei skrive det dei har funne ut inn på pcen og lage ein artikkel. den eine journalisten Andreas Kydland sa: Det er kjekt å vere jounralist, då får eg treffe mange, ikkje minst rare, men og snåle, kjekke og hyggelige mennekser. Eg angre ikkje på at eg valgte dette yrket, og eg er glad for at eg valgte dette.
 
Dagen var veldig kjekk og eg følte eg lærte masse nytt! Her kjem litt bileter eg tok medan me var det:




 
 


fredag 24. oktober 2014

Oppdrag 7 - Å jobbe som journalist

Heisann kjære blogglesar!
 
Neste fredag skal me i dette valgfaget ned til Sandnesposten og få eit inntrykk på korleis det er å jobbe i ei avis. Det er grunnen til at eg idag skal skrive om journalistikk og aviser.
 
Når me snakker om medier, er det ein forkortelse av "massemedium", og dette er eit middel for massekommunikasjon. Dette begrept blei først brukt på 1920-tallet då moderne teknologi skapte mange nye moglehter for å dele ut og formidle informasjon.
 
I Noreg har me mange forksjellige typer aviser, og det er blant anna riksaviser, regionsaviser og lokalaviser. Riksaviser er aviser som blir utgitt over heile landet, og er å få tak i over heile landet. Eksempel er Dagbladet, VG - verdens gang og Aftenposten. Regionaviser er aviser som ofte dekkjer mindre enn riksaviser men meir enn lokalaviser, og regionaviser dekkjer ofte eit eller fleire fylker. Stavanger Aftenblad, Bergens tidene og Adresseavisen er eksempel på regionaviser. Lokalaviser er aviser som berre dekkjer seg over ein by, ein stad, en eller nokre få kommuner. I vårt nærområde er Sandnesposten og Jærbladet er to eksempel.
 
Presse er også eit viktig begrep når me snakkar om temaet journalistikk, og det er fellesnemning for trykt medium; aviser, blad og tidsskrift. Presseetikk er også noko å tenkje på når me snakkar om dette temaet. Det er retningslinjer for korleis dei som arbeider i pressa, skal opptre for ikkje å krenkje einskild - menneske eller grupper i samfunnet.
 
I Noreg har vi det slik at vi har både trykkje og ytringsfridom, og det står tilog med i Grunnlova!(paragraf 100). Det betyr at alle har rett å meine, seie eller skrive det dei vil utan å bli straffa for det. Detter er me heldig som har i Noreg, sidan det er det ikkje alle land som har. I andre land kan du bli fengsla eller drept for noko dei har skrevet, som ikkje passa for styresmaktene i det landet. Sjølv om vi i Noreg nesten kan seie/skrive kva vi vil, må aviser ta hensyn til ein plakat, og denne plakaten blir kalla "ver varsom-plakaten";
 
 
Utsjånaden til aviser kan variere litt, men dei fleste er ganske like. For å klare å selgje ei avis må layouten vere bra.  Layout betyr "å leggje ut", og det er ein plan eller ei skisse over korleis element på ei trykksak eller ei elektronisk side skal setjast saman. Nå me snakkar om layout i aviser er det korleis titlar, bilete, tekst og annonser er plassert.
 
I kvar avis er det ein redaksjon, og det er dei som lagar avisene. I kvar redaksjon er det både ein redaøktør, som er leiaren, og journalister. Dei samarbeider og planleggjer korleis dei skal lage avisa. Mange aviser har også nettavis, og mange nettaviser selgjer betre enn papiraviser.  Eksempel på nettaviser er; www.nettavisen.no www.vg.no www.aftenbladet.no
 
Dette var eit interessant innlegg å skrive, som eg lærte mykje som eg ikkje visste frå før. Eg gleder meg også veldig mykje til neste gong, sidan me skal til Sandnesposten.
 
Kjelder:
Norskboka Kontekst basisbok.
 




fredag 17. oktober 2014

Oppdrag 6 - Arbeidsuke

Heisann!

Dei siste fire dagene, måndag - torsdag, hadde heile tiende klasse arbeidsveke. Me skulle finne eit yrke som det kanskje var aktuelt for oss og jobbe med i fremtida. Eit par veker før haustferien skulle me finne ein plass me skulle vere, og då var eg og Sara i Sandnes for å finne ein plass. Me spurte mange plasser, men alle hadde fullt, tok ikkje inn arbeidveke-folk, eller så hadde dei det for travelt. Derfor blei det vanskeleg å finne ein plass og jobbe, men det endte med at Sara blei med mora der ho jobbar, og eg gjekk der eg jobbar til vanleg, nemleg på Ganddal Bydelshus, saman med ei veninne som heitar Ingrid. Me var me ho som er dagleg leder der, Ine Hegre.




Ganddal bydelshus er eit Samvirke der lag/foreninger og privatpersoner i Ganddal har eierskap / er medlemmer. Dagleg leder driver huset med eit styre over seg og eit råd som øverste organ. I rådet sitter valgte representanter ut frå kor mange andeler som lag/foreninger og private personer har i huset. Driften av huset er alt frå vedlikehold, oppfølging av heile huset ute og inne, utleie til faste leietakere og privatpersoner og til tilfeldige leietakere. Forberedelser, tilrettelegging og gjennomføring av alle typer arrangement. Ein anna oppgåve er å ha til ein kvar tid å ha dugnadsfolk og ungdom klar for div dugnader og arrangement..

Arbeidsoppgåvene me hovudsaklig gjorde var å gjere diverse vaktmesterjobber, der i blant skifting av lyspærere, testing av brannslanger og brannalarm, rydding i skaper og mykje anna. Eg var også nede på butikken og handla, og me tok i mot varer når dei kom. Den siste dagen, torsdagen, begynnte me å gjere klar til bryllupet som skal vere i morgon. Då tellte me tallerkner, glass og bestikk, tok på stoltrekk og knytta sløyfer på nitti stoler.

Eg jobbar jo på Bydelshuset til vanleg, men då er det som oftes i bryllup eller andre arrangement i helgene, derfor var dette ein litt annleis jobb enn det eg er vandt til, men det gjekk fint. Det eg lærte nytt var at eg veit kva eg skal gjere viss det begynner å brenne og korleis brannslangene fungerer.

Eg er ikkje heilt sikker på kva utannding du må ha for å jobbe som dagleg leder, men Ine sa at du trenger erfaring og at du må vere ein person som gjer av deg sjølv.

Dette yrket er eg ikkje heilt sikker på om kunne passt for meg, eg kunne sikkert fått det til, men det er ikkje det yrket eg har mest lyst til å jobbe som.

Det som er kjekt med arbeidsveke er at du får oppleve korleis det er i det verkelege arbeidslivet, og korleis dei forksjellige arbeidsplassene fungere. Det som er negativet er at du må jobbe så lenge, at du må jobbe til fire tida når du hadde slutta på skulen halv to eller halv tre.

Alt i alt synes eg denne veka var veldig kjekt og det var kjekt og lære om korleis brannrutinene fungerer.


Bilete frå Ganddal Bydelshus si nettside; http://www.ganddal-bydelshus.no/index.php?id=7

     

fredag 26. september 2014

Oppdrag 4 - Eventyrveka

Hei kjære lesare!

Idag er oppgåven å skrive litt om eventyrveka som skal vere i Sandnes.

Eventyrveka er noko som skjer i Sandnes kvar haust. Det er diverse tilbod i butikkane, mange aktiviter for barn i både Langgata og på Vågen, men ikkje minst i Sandvedparken. Det er i Sandved parken det meste skjer, og der er det alt frå eventyr fortelling, dansing til fiolin speling. Eg har til og med vore med tre-fire år sjølv, og dette er noko eg verkeleg vil anbefale for familier med barn på ca 2-12 års alderen :)

Ein anna ting som også skjer i eventyrveka, er eventyropptoget. Kvar barnehage i område har planlagt eit eventyr med kostymer og musikk. Totalt er det ca 700 barn som går i dette toget.

På fredagskvelden kl 20.00 skal Mikkel og reverockerene ha konsert på scenen i parken. Dette er noko som høyrdes kjekt ut, og eg håpar mange tar turen ned og ser!

Dette var litt om det som skjedde igår og kva som skal skje idag, men i morgon skreiv Sandnes kommunne at dette skulle skje:
Lørdag kl. 11-14 presenteres eventyrtorget i Langgata. Her lager Sandnes bibliotek, sammen med Kultur&Fritidsavdelingen aktiviteter for og med ungene. Aud Jorunn Hakestad fra Sandnes bibliotek sitter i putekroken og forteller eventyret om "Geitekillingen som kunne telle til ti" for små bytroll. Sture Mønnich underholder rundt leirbålet. En liten oase i handlegaten. Barn oppfordres til å kle seg ut!


Bilde kjelde HER

Bilde kjelde HER
Bilde kjelde HER

 Bilde kjelde HER

Bilde kjelde HER

Bilde kjelde HER
Kjelde HER

lørdag 20. september 2014

Oppdrag 3 - Valget i Skottland


Heisann! 

Idag var oppdraget å skrive litt om valget som har vore i Skottland. Eg visste ikkje så mykje om det på forhand, så eg måtte leite litt på nettet før eg lærte meg meir om det. Her kjem litt om valget:NeiJa

Det som var spørsmålet i valget var om Skottland skulle vere eit uavhengi land. Skottland hadde til no vore del av Storbritannia, men no var då spørsmålet om dei skulle bli eit eget land. Velgarane skulle enten stemme ja, for at Skottland skulle vere eit uavhengi land, eller nei, at dei fremdeles skulle vere del av Storbrittania. Det var 44,7 % (1 617 989) som stemte JA, og 55,3% (2 001 926) som stemte NEI. Det betyr at før avstemmninga var Skottland del av Storbritannia, og etter avstemmninga var dei forsatt del av Storbritannia. Det betyr altså, at valget endte med og fremdeles vere ein del av Storbritannia.

Kjelde (HER)

Dei som hadde stemmerett under valget var:
  • Britiske statsborgere, busatt i Skottland
  • Statsborgere tilhørande dei øvrige 53 Commonwealth-landa, busatt i Skottland
  • Statsborgere tilhørande dei øvrige 27 EU-landa, busatt i Skottland
  • Alle medlemmer av House of Lords som er busatt i Skottland
  • Offentlige tjenestemenn og medlemmer av dei militære styrker, som tjenestegjer utanfor Skottland, men registret med stemmerett i Skottland
    Kjelde (HER)

Litt info om Skottland:

- Nordlige delen av Storbritannia og flere øyer, som Hebridene, Orknøyene og Shetlandsøyene. 5 millioner innbyggere. Edinburgh er hovedstad.
- Del av Storbritannia siden 1707
- Har hatt ulike grader av selvstyre
- Eget lovverk og egen nasjonalkirke
- Økonomien stadig tettere sammenvevd med Englands
- London styrer utenriks- og sikkerhetspolitikken
- Etter en folkeavstemning i 1997 fikk Skottland en selvstyreregjering og eget parlament, som begge har sete i Edinburgh.
- Alex Salmond (nasjonalistpartiet SNP) skotsk førsteminister siden 2007
- 18. september går skottene til urnene for å si ja eller nei til selvstendighet (frå www.snl.no)

Kjelder:
http://www.nrk.no/verden/dette-skjer-hvis-skottene-sier-ja-1.11936893
http://no.wikipedia.org/wiki/Folkeavstemningen_om_skotsk_uavhengighet_2014


Då håpar eg at du lærte noko av dette innlegget, for det gjorde jallefall eg! :)