mandag 31. mars 2014

Oppdrag 25 - Arbeidsveka

Heisann!

Oppgåva i dag var å skrive noko kreativt om arbeidsveka, så eg tenkte å skrive eit dagbok innlegg om korleis det var for meg.
Kjelde til biletet (HER)

I sist veke, på måndag til torsdag (25. - 27.mars) var alle på 9-trinn på arbeidsveke. Eg var med faren min på hans jobb. Jobben hans heitar Malthus.

Tysdag 25 mars:
Hei igjen kjære dagbok!
I dag var eg og far på jobben hans i åtte tida. Når me kom tok me først ein runde og helste på dei fleste. Det blei mange namn, så dei fleste gløymde eg fort.. Etter at me hadde helst på dei, lagte eg meg ein kopp kakao. Deretter satt me oss på kontoret og han forklarte litt om kva han held på med. Stillinga hans heitar økonomisjef, og det han gjer er å lage budsjett, føre regnskap og sjå kva firmaet har brukt pengar på, og om dei har råd til dei forskjellige tinga. Etter at far hadde fortald meg dette skulle han ta nokre telefoner, så eg jobba litt med matten imens. Eit par kopper kakao seinare, åt me lunsj, så var eg på eit konsernledermøte. Det var ein interessant opplevelse, men eg synes at det varte litt lenge. Då møtet var ferdig, tok far nokre fleirne telefoner så då var det litt meir tid til matten min. Mor jobber i nærleiken til der far jobber, og ho slutta litt tidlegare så eg satt på med ho i fire tida.

Onsdag 26.mars:
Kjære dagbok!
I dag, som i går, var eg på jobben til far. Når me kom i dag laga eg meg ein kopp kakao (drikker ca 7-8 kopper til dagen). Så såg eg på medan far skreiv inn masse tal og begynte på ein presentasjon. Etter lunsj var det ein IT-konsulent-kollega som viste meg litt om kva han dreiv med, slik at eg fekk lære litt om korleis det yrket også var. Trur egentlig ikkje det var noko for meg, var litt for masse koder og slike ting. Medan eg var på dette, var far på eit møte, så eg fekk litt meir tid til dette matte-prosjektet. Eg gjekk frå jobben i tre-fire tida, bort til Kvadrat for å treffe ei veninne som heitar Ingrid og jobba på Waynes.
Kjelde til bilete (HER)


Torsdag 27.mars:
Hei på deg Dagbok!
I dag som i går, når eg kom på jobben laga eg meg kakao. Deretter såg eg litt på at far tok nokre telefonar og skreiv ferdig den presentasjonen eg snakka om i går. Då klokka blei elleve skulle me på eit møte med konsernsjefen og to frå banken. I dette møtet hadde far den presentasjonen eg har snakkt om. Under dette møtet hadde me gode rundstykker, winerbrød og brus. Etter møtet tok far fleirne telefoner og eg gjorde meg ferdig med matten. I dag som i går gjekk eg bort til Kvadrat og traff Ingrid i halv fire tida.

Alt i alt var dette ei lærerik veke, men eg er fremdeles usikker på om dette er eit yrke for meg.

Då har du høyrd litt om mi veke, har du hatt arbeidsveke? Korleis var isåffal den?


mandag 10. mars 2014

Oppdrag 23 - Blogger

Heisann!

I dag var oppgåven å først lese ein blogg i ca 30 minutter og derettter skrive ein anmeldelse om sjølve bloggen.

Eg valde bakebloggen Cake Please som er skreven av Ida Gran-Jansen.  Link til bloggen HER
Først tenkte eg å ta ein typisk rosa-blogg, men det er ikkje så spennande så eg valde heller ein bakeblogg.

Bilde kjelde HER
Ida Gran-Jansen er ei 25 år gammal jente frå Oslo. Ho var med i konkuransen "heile Norge baker" og ho vann. På bloggen legg ho ut mange forskjellige oppskrifter, nokon er sunne, men dei fleste oppskriftene er søtsaker. På bloggen gjer ho også mange råd og tips om korleis ein baker best mogleg.

Sjølve bloggen har eit veldig fint og ryddig design. Bilete ho tek er også veldig gode. Bloggen er ekstremt oversiktlig og det er veldig lett å finne frem, sidan det ikkje er så mange reklamer og liknande.

Litt eigne bilete frå mat og helsen som eg tok sidan det var mat :)

mandag 3. mars 2014

Oppdrag 22 - B - Portrettintervju

Hei igjen!

Då var eg over på oppdrag to, som eg sa i forrige oppdrag at var eit portrettintervju. Me skulle intervjue ein medelev og då valgte eg Sara.

Sara sit no på sida av meg og jobbar med den same oppgåva. Sara er 14 år og går i 9a. Ho har langt blondt/brunt hår og blå/grå auger. Ho har ei syster og ein bror som går i 7.klasse og 5.klasse. Foreldra til Sara jobber begge som lærara. Familien bur i eit grått/kvit hus. Heile familien er veldig glad i dyr, og dei har hatt både kyllinger, kattar og kaniner. No har dei kun ein katt som heitar Susi. På fritida går Sara på kor og treningssenter. I sommer skal ho til USA med nokre venninner og med familien skal ho til Sørlandet. Yndlingsmaten til Sara er pastasalat og yndlingsdessereten er vaniljekake. Sara fekk karakteren 4,9 til jul som ho var veldig fornøyd med.

Eit bilete av Sara:

 

Oppdrag 22 - A - Reklame

Heisann!

I dag hadde me to oppgåver, den eine var å lage reklame om eit valgfritt produkt og den andre oppgåven var å skrive eit portrett-intervju med ein med elev. I  dette innlegget kjem den oppgåven med reklamen.




Womens Nike Free Run 3.0 kosta før 1599,- medan no kostar det kun 999,-! Kan kun fåes kjøpt hos XXL
Forskjellige meiningar om produktet:
"XXL har tilbud på dei rette produkta!"
"Dei flottaste nike skoa, til denne prisen, er berre heilt fantastisk!"
"Så lette at du nesten ikkje kjenner at du har de på deg!"

Tilbudet gjelder så langt lageret rekker!


Bilde kjelde: HER