fredag 7. november 2014

Oppdrag 8 - Sandnesposten Oppdrag 8 - Sandnesposten

Heisann!
 
Sist veke kom det ikkje noko oppdatering frå meg, i og med at klassen i valgfag var i sandnes og besøkte Sandnesposten. Det var ein veldig kjekk, lærerik og spennande opplevelse. Her skal du få høyre litt om det me gjorde:
 
Det første som skjedde var at me kom inn, og redaktøren fortalte oss om kva Sandnesposten var og korleis dei jobber. Redaktøren heitar Frode M. Gjerald, og han var veldig hyggeleg. For aviser no til dags, er det ganske vanskelig å klare å gå rundt økonomisk. Derfor er det viktig at dei tjener penger på annonser, og Sandnesposten har ein annonse inntekt på 5 millioner per år.
 
Litt om Avisa;
 
  • 8 stk som jobber der fast, då med redaktøren Frode i spisse, og med andre ansatte fordelt på redaksjon, markedsavdeling og administrasjon.
  • Avisa blei oppretta på slutten av 1980-talet
  • Sandnesposten blir produsert grafisk på Bryne, og trykkt i Egersund.
  • Er ein del av "Nordsjø media", som er eit 8 aviser som er eid av same selskap.
  • I kvar utgåve av avisene,  prøver redaksjonen å ha 120 sider.
For at avisene skal ha noko å skrive om, må enten journalistene finne på noko, som dei veit mange er interesserte i, eller at lesare tipsar inn. Frode oppfordrer alle til å tipse avisa, same om det er ein stor eller liten sak, alt kan bli gjort til noko stort. Han sa også at det har mykje å seie når på døgnet artikkelen blei publisert, og det er ikkje lurt å puplisere noko ein fredagskveld akkuratt når skavland går, men heller ein morgon når folk akkuratt har kom på jobb og skal skjekke nyheter.
 
Kvardagen til ein journalist er varierande, og den begynner ofte med eit morgenmøte det dei blir einige om kven som gjer kva. Deretter gjer dei seg klar for å reise ut for å følgje saker, og gjer eit godt forarbeid. Etterpå reiser dei ut, og når dei kjem tilbake må dei skrive det dei har funne ut inn på pcen og lage ein artikkel. den eine journalisten Andreas Kydland sa: Det er kjekt å vere jounralist, då får eg treffe mange, ikkje minst rare, men og snåle, kjekke og hyggelige mennekser. Eg angre ikkje på at eg valgte dette yrket, og eg er glad for at eg valgte dette.
 
Dagen var veldig kjekk og eg følte eg lærte masse nytt! Her kjem litt bileter eg tok medan me var det:




 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar