fredag 24. oktober 2014

Oppdrag 7 - Å jobbe som journalist

Heisann kjære blogglesar!
 
Neste fredag skal me i dette valgfaget ned til Sandnesposten og få eit inntrykk på korleis det er å jobbe i ei avis. Det er grunnen til at eg idag skal skrive om journalistikk og aviser.
 
Når me snakker om medier, er det ein forkortelse av "massemedium", og dette er eit middel for massekommunikasjon. Dette begrept blei først brukt på 1920-tallet då moderne teknologi skapte mange nye moglehter for å dele ut og formidle informasjon.
 
I Noreg har me mange forksjellige typer aviser, og det er blant anna riksaviser, regionsaviser og lokalaviser. Riksaviser er aviser som blir utgitt over heile landet, og er å få tak i over heile landet. Eksempel er Dagbladet, VG - verdens gang og Aftenposten. Regionaviser er aviser som ofte dekkjer mindre enn riksaviser men meir enn lokalaviser, og regionaviser dekkjer ofte eit eller fleire fylker. Stavanger Aftenblad, Bergens tidene og Adresseavisen er eksempel på regionaviser. Lokalaviser er aviser som berre dekkjer seg over ein by, ein stad, en eller nokre få kommuner. I vårt nærområde er Sandnesposten og Jærbladet er to eksempel.
 
Presse er også eit viktig begrep når me snakkar om temaet journalistikk, og det er fellesnemning for trykt medium; aviser, blad og tidsskrift. Presseetikk er også noko å tenkje på når me snakkar om dette temaet. Det er retningslinjer for korleis dei som arbeider i pressa, skal opptre for ikkje å krenkje einskild - menneske eller grupper i samfunnet.
 
I Noreg har vi det slik at vi har både trykkje og ytringsfridom, og det står tilog med i Grunnlova!(paragraf 100). Det betyr at alle har rett å meine, seie eller skrive det dei vil utan å bli straffa for det. Detter er me heldig som har i Noreg, sidan det er det ikkje alle land som har. I andre land kan du bli fengsla eller drept for noko dei har skrevet, som ikkje passa for styresmaktene i det landet. Sjølv om vi i Noreg nesten kan seie/skrive kva vi vil, må aviser ta hensyn til ein plakat, og denne plakaten blir kalla "ver varsom-plakaten";
 
 
Utsjånaden til aviser kan variere litt, men dei fleste er ganske like. For å klare å selgje ei avis må layouten vere bra.  Layout betyr "å leggje ut", og det er ein plan eller ei skisse over korleis element på ei trykksak eller ei elektronisk side skal setjast saman. Nå me snakkar om layout i aviser er det korleis titlar, bilete, tekst og annonser er plassert.
 
I kvar avis er det ein redaksjon, og det er dei som lagar avisene. I kvar redaksjon er det både ein redaøktør, som er leiaren, og journalister. Dei samarbeider og planleggjer korleis dei skal lage avisa. Mange aviser har også nettavis, og mange nettaviser selgjer betre enn papiraviser.  Eksempel på nettaviser er; www.nettavisen.no www.vg.no www.aftenbladet.no
 
Dette var eit interessant innlegg å skrive, som eg lærte mykje som eg ikkje visste frå før. Eg gleder meg også veldig mykje til neste gong, sidan me skal til Sandnesposten.
 
Kjelder:
Norskboka Kontekst basisbok.
 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar