fredag 12. desember 2014

Oppdrag 12 - Juleball

Heisann!

Idag var oppdraget å skrive om juleballet. Sara og eg tenkte å gjere det på ein annleis måte enn me hadde gjort før, så då tipsa Hanne oss om å ha spørjeundersøkelse i klasser. Me var inne i totalt 3 klasser. Det var totalt 50 jenter og 34 gutter.

Her er resultatet:

Jenter


Gutter




Som du ser var det ganske variererande frå gutane og jentene om kva dei synes.
Gutane var mykje meir positive synes eg, sidan det var ingen som ikkje synes det var kjekt! Dette synes eg var veldig kult, og kanskje det seiar oss at jenter ikkje må vere så negative?



fredag 5. desember 2014

Oppdrag 11 - Advent

Heisann!

Idag er temaet advent, og for å løyse det på ein kreativ måte tenkte eg lage forslag til kva du kan gje i kalendergåve!

Advent er jo ventetida frem til julafta. Mange har adventskalender som ein "nedtelling" med gaver frem til jul. Det er mange som synes det å finne gåver til kalenderen kan vere vanskeleg, viss eg skulle laga kalender til meg, ville eg hatt denne! Så her skal eg laga eit eksempel til ei 15 år gammal jente:



1.desember - sminkebørste (HER)
2.desember - hårklyper (HER)
3.desember - eos lip balm (HER)
4.desemeber - hot mama blush (HER)


5.desember - tangle teezer (HER)
6.desember - Tørrshampoo (HER)
7.desember - rosa sløyfe refleks (HER)
8.desember - neglelakk (HER)


9.desember - muffinsformer (HER)
10.desember - skål (HER)
11.desember - speil (HER)
12.desember - cookies (HER)

13.desember - deksel (HER)
14.desember - headset (HER)
15.desember - fish eye lens (HER)
16.desember - macaroons mat (HER)
17.desember - hårbørste (HER)
18.desember - øyenskygge (HER)
19.desember - eyeliner (HER)
20.desember - øyenbrynsfarge (HER)

21.des - cupcakes former (HER)
22.des - skål (HER)
23.des - krus (HER)
24.des - sjokoladefondusett (HER)



Dette tok veldig lang tid, ahhah, trur eg har brukt ca tre eller fire timer, men no var eg endelig ferdig! Eg håper at alle lesare får ei god jul, og eg håper denne kalendere kan hjelpe deg til å finne gåver neste år.

Denne oppgaven var veldig interessant, eg gjorde ein heilt annan måte enn eg har gjort før, men det var sykt kjekt å gjere det slik :D

-Karen












































                                                   

fredag 28. november 2014

Oppdrag 10 - Vaksine

Hei!

I dag skulle alle 10.klassingane ta vaksine. Det me tok vaksine mot var Polio, Stivkrampsprøyta og Difteri. Eg tok vaksina på onsdag, sidan eg har sprøyteskrekk, eller eg trur ikkje det er skrekk, det er meir ekstrem angst. Derfor delte eg ut pepperkaker til dei som skulle ta den. Det var totalt 5 helsesøstre på skulen, så det gjekk kjempe fort!

Eg og Sara laga ein teikneserie om det å ta vaksine;





 
Deretter intervjua eg fire personer i klassen:
 
Gruet du deg til å ta sprøyta?
- Det gjorde eg ikkje, det går heilt fint
- Ja, veldig, har angst for sprøyter!
-  Tjaa, litt, men det gjekk fint!
- Nei! Eg har aldri vært redd for sprøyter
 
Gjekk det bedre enn det du hadde tenkt?
- Ja,  det gjorde det.
- Nei, eg synes det gjorde heilt sykt vondt!
- Ja, mykje betre!
- Ja, trodde det skulle vere sykt mykje verre!
Eg synes dette var eit greit oppdrag, og det var kjekt å gjere det på ein annleis måte en slik me pleier. 


fredag 7. november 2014

Oppdrag 8 - Sandnesposten Oppdrag 8 - Sandnesposten

Heisann!
 
Sist veke kom det ikkje noko oppdatering frå meg, i og med at klassen i valgfag var i sandnes og besøkte Sandnesposten. Det var ein veldig kjekk, lærerik og spennande opplevelse. Her skal du få høyre litt om det me gjorde:
 
Det første som skjedde var at me kom inn, og redaktøren fortalte oss om kva Sandnesposten var og korleis dei jobber. Redaktøren heitar Frode M. Gjerald, og han var veldig hyggeleg. For aviser no til dags, er det ganske vanskelig å klare å gå rundt økonomisk. Derfor er det viktig at dei tjener penger på annonser, og Sandnesposten har ein annonse inntekt på 5 millioner per år.
 
Litt om Avisa;
 
  • 8 stk som jobber der fast, då med redaktøren Frode i spisse, og med andre ansatte fordelt på redaksjon, markedsavdeling og administrasjon.
  • Avisa blei oppretta på slutten av 1980-talet
  • Sandnesposten blir produsert grafisk på Bryne, og trykkt i Egersund.
  • Er ein del av "Nordsjø media", som er eit 8 aviser som er eid av same selskap.
  • I kvar utgåve av avisene,  prøver redaksjonen å ha 120 sider.
For at avisene skal ha noko å skrive om, må enten journalistene finne på noko, som dei veit mange er interesserte i, eller at lesare tipsar inn. Frode oppfordrer alle til å tipse avisa, same om det er ein stor eller liten sak, alt kan bli gjort til noko stort. Han sa også at det har mykje å seie når på døgnet artikkelen blei publisert, og det er ikkje lurt å puplisere noko ein fredagskveld akkuratt når skavland går, men heller ein morgon når folk akkuratt har kom på jobb og skal skjekke nyheter.
 
Kvardagen til ein journalist er varierande, og den begynner ofte med eit morgenmøte det dei blir einige om kven som gjer kva. Deretter gjer dei seg klar for å reise ut for å følgje saker, og gjer eit godt forarbeid. Etterpå reiser dei ut, og når dei kjem tilbake må dei skrive det dei har funne ut inn på pcen og lage ein artikkel. den eine journalisten Andreas Kydland sa: Det er kjekt å vere jounralist, då får eg treffe mange, ikkje minst rare, men og snåle, kjekke og hyggelige mennekser. Eg angre ikkje på at eg valgte dette yrket, og eg er glad for at eg valgte dette.
 
Dagen var veldig kjekk og eg følte eg lærte masse nytt! Her kjem litt bileter eg tok medan me var det:




 
 


fredag 24. oktober 2014

Oppdrag 7 - Å jobbe som journalist

Heisann kjære blogglesar!
 
Neste fredag skal me i dette valgfaget ned til Sandnesposten og få eit inntrykk på korleis det er å jobbe i ei avis. Det er grunnen til at eg idag skal skrive om journalistikk og aviser.
 
Når me snakker om medier, er det ein forkortelse av "massemedium", og dette er eit middel for massekommunikasjon. Dette begrept blei først brukt på 1920-tallet då moderne teknologi skapte mange nye moglehter for å dele ut og formidle informasjon.
 
I Noreg har me mange forksjellige typer aviser, og det er blant anna riksaviser, regionsaviser og lokalaviser. Riksaviser er aviser som blir utgitt over heile landet, og er å få tak i over heile landet. Eksempel er Dagbladet, VG - verdens gang og Aftenposten. Regionaviser er aviser som ofte dekkjer mindre enn riksaviser men meir enn lokalaviser, og regionaviser dekkjer ofte eit eller fleire fylker. Stavanger Aftenblad, Bergens tidene og Adresseavisen er eksempel på regionaviser. Lokalaviser er aviser som berre dekkjer seg over ein by, ein stad, en eller nokre få kommuner. I vårt nærområde er Sandnesposten og Jærbladet er to eksempel.
 
Presse er også eit viktig begrep når me snakkar om temaet journalistikk, og det er fellesnemning for trykt medium; aviser, blad og tidsskrift. Presseetikk er også noko å tenkje på når me snakkar om dette temaet. Det er retningslinjer for korleis dei som arbeider i pressa, skal opptre for ikkje å krenkje einskild - menneske eller grupper i samfunnet.
 
I Noreg har vi det slik at vi har både trykkje og ytringsfridom, og det står tilog med i Grunnlova!(paragraf 100). Det betyr at alle har rett å meine, seie eller skrive det dei vil utan å bli straffa for det. Detter er me heldig som har i Noreg, sidan det er det ikkje alle land som har. I andre land kan du bli fengsla eller drept for noko dei har skrevet, som ikkje passa for styresmaktene i det landet. Sjølv om vi i Noreg nesten kan seie/skrive kva vi vil, må aviser ta hensyn til ein plakat, og denne plakaten blir kalla "ver varsom-plakaten";
 
 
Utsjånaden til aviser kan variere litt, men dei fleste er ganske like. For å klare å selgje ei avis må layouten vere bra.  Layout betyr "å leggje ut", og det er ein plan eller ei skisse over korleis element på ei trykksak eller ei elektronisk side skal setjast saman. Nå me snakkar om layout i aviser er det korleis titlar, bilete, tekst og annonser er plassert.
 
I kvar avis er det ein redaksjon, og det er dei som lagar avisene. I kvar redaksjon er det både ein redaøktør, som er leiaren, og journalister. Dei samarbeider og planleggjer korleis dei skal lage avisa. Mange aviser har også nettavis, og mange nettaviser selgjer betre enn papiraviser.  Eksempel på nettaviser er; www.nettavisen.no www.vg.no www.aftenbladet.no
 
Dette var eit interessant innlegg å skrive, som eg lærte mykje som eg ikkje visste frå før. Eg gleder meg også veldig mykje til neste gong, sidan me skal til Sandnesposten.
 
Kjelder:
Norskboka Kontekst basisbok.
 




fredag 17. oktober 2014

Oppdrag 6 - Arbeidsuke

Heisann!

Dei siste fire dagene, måndag - torsdag, hadde heile tiende klasse arbeidsveke. Me skulle finne eit yrke som det kanskje var aktuelt for oss og jobbe med i fremtida. Eit par veker før haustferien skulle me finne ein plass me skulle vere, og då var eg og Sara i Sandnes for å finne ein plass. Me spurte mange plasser, men alle hadde fullt, tok ikkje inn arbeidveke-folk, eller så hadde dei det for travelt. Derfor blei det vanskeleg å finne ein plass og jobbe, men det endte med at Sara blei med mora der ho jobbar, og eg gjekk der eg jobbar til vanleg, nemleg på Ganddal Bydelshus, saman med ei veninne som heitar Ingrid. Me var me ho som er dagleg leder der, Ine Hegre.




Ganddal bydelshus er eit Samvirke der lag/foreninger og privatpersoner i Ganddal har eierskap / er medlemmer. Dagleg leder driver huset med eit styre over seg og eit råd som øverste organ. I rådet sitter valgte representanter ut frå kor mange andeler som lag/foreninger og private personer har i huset. Driften av huset er alt frå vedlikehold, oppfølging av heile huset ute og inne, utleie til faste leietakere og privatpersoner og til tilfeldige leietakere. Forberedelser, tilrettelegging og gjennomføring av alle typer arrangement. Ein anna oppgåve er å ha til ein kvar tid å ha dugnadsfolk og ungdom klar for div dugnader og arrangement..

Arbeidsoppgåvene me hovudsaklig gjorde var å gjere diverse vaktmesterjobber, der i blant skifting av lyspærere, testing av brannslanger og brannalarm, rydding i skaper og mykje anna. Eg var også nede på butikken og handla, og me tok i mot varer når dei kom. Den siste dagen, torsdagen, begynnte me å gjere klar til bryllupet som skal vere i morgon. Då tellte me tallerkner, glass og bestikk, tok på stoltrekk og knytta sløyfer på nitti stoler.

Eg jobbar jo på Bydelshuset til vanleg, men då er det som oftes i bryllup eller andre arrangement i helgene, derfor var dette ein litt annleis jobb enn det eg er vandt til, men det gjekk fint. Det eg lærte nytt var at eg veit kva eg skal gjere viss det begynner å brenne og korleis brannslangene fungerer.

Eg er ikkje heilt sikker på kva utannding du må ha for å jobbe som dagleg leder, men Ine sa at du trenger erfaring og at du må vere ein person som gjer av deg sjølv.

Dette yrket er eg ikkje heilt sikker på om kunne passt for meg, eg kunne sikkert fått det til, men det er ikkje det yrket eg har mest lyst til å jobbe som.

Det som er kjekt med arbeidsveke er at du får oppleve korleis det er i det verkelege arbeidslivet, og korleis dei forksjellige arbeidsplassene fungere. Det som er negativet er at du må jobbe så lenge, at du må jobbe til fire tida når du hadde slutta på skulen halv to eller halv tre.

Alt i alt synes eg denne veka var veldig kjekt og det var kjekt og lære om korleis brannrutinene fungerer.


Bilete frå Ganddal Bydelshus si nettside; http://www.ganddal-bydelshus.no/index.php?id=7

     

fredag 26. september 2014

Oppdrag 4 - Eventyrveka

Hei kjære lesare!

Idag er oppgåven å skrive litt om eventyrveka som skal vere i Sandnes.

Eventyrveka er noko som skjer i Sandnes kvar haust. Det er diverse tilbod i butikkane, mange aktiviter for barn i både Langgata og på Vågen, men ikkje minst i Sandvedparken. Det er i Sandved parken det meste skjer, og der er det alt frå eventyr fortelling, dansing til fiolin speling. Eg har til og med vore med tre-fire år sjølv, og dette er noko eg verkeleg vil anbefale for familier med barn på ca 2-12 års alderen :)

Ein anna ting som også skjer i eventyrveka, er eventyropptoget. Kvar barnehage i område har planlagt eit eventyr med kostymer og musikk. Totalt er det ca 700 barn som går i dette toget.

På fredagskvelden kl 20.00 skal Mikkel og reverockerene ha konsert på scenen i parken. Dette er noko som høyrdes kjekt ut, og eg håpar mange tar turen ned og ser!

Dette var litt om det som skjedde igår og kva som skal skje idag, men i morgon skreiv Sandnes kommunne at dette skulle skje:
Lørdag kl. 11-14 presenteres eventyrtorget i Langgata. Her lager Sandnes bibliotek, sammen med Kultur&Fritidsavdelingen aktiviteter for og med ungene. Aud Jorunn Hakestad fra Sandnes bibliotek sitter i putekroken og forteller eventyret om "Geitekillingen som kunne telle til ti" for små bytroll. Sture Mønnich underholder rundt leirbålet. En liten oase i handlegaten. Barn oppfordres til å kle seg ut!


Bilde kjelde HER

Bilde kjelde HER
Bilde kjelde HER

 Bilde kjelde HER

Bilde kjelde HER

Bilde kjelde HER
Kjelde HER

lørdag 20. september 2014

Oppdrag 3 - Valget i Skottland


Heisann! 

Idag var oppdraget å skrive litt om valget som har vore i Skottland. Eg visste ikkje så mykje om det på forhand, så eg måtte leite litt på nettet før eg lærte meg meir om det. Her kjem litt om valget:NeiJa

Det som var spørsmålet i valget var om Skottland skulle vere eit uavhengi land. Skottland hadde til no vore del av Storbritannia, men no var då spørsmålet om dei skulle bli eit eget land. Velgarane skulle enten stemme ja, for at Skottland skulle vere eit uavhengi land, eller nei, at dei fremdeles skulle vere del av Storbrittania. Det var 44,7 % (1 617 989) som stemte JA, og 55,3% (2 001 926) som stemte NEI. Det betyr at før avstemmninga var Skottland del av Storbritannia, og etter avstemmninga var dei forsatt del av Storbritannia. Det betyr altså, at valget endte med og fremdeles vere ein del av Storbritannia.

Kjelde (HER)

Dei som hadde stemmerett under valget var:
  • Britiske statsborgere, busatt i Skottland
  • Statsborgere tilhørande dei øvrige 53 Commonwealth-landa, busatt i Skottland
  • Statsborgere tilhørande dei øvrige 27 EU-landa, busatt i Skottland
  • Alle medlemmer av House of Lords som er busatt i Skottland
  • Offentlige tjenestemenn og medlemmer av dei militære styrker, som tjenestegjer utanfor Skottland, men registret med stemmerett i Skottland
    Kjelde (HER)

Litt info om Skottland:

- Nordlige delen av Storbritannia og flere øyer, som Hebridene, Orknøyene og Shetlandsøyene. 5 millioner innbyggere. Edinburgh er hovedstad.
- Del av Storbritannia siden 1707
- Har hatt ulike grader av selvstyre
- Eget lovverk og egen nasjonalkirke
- Økonomien stadig tettere sammenvevd med Englands
- London styrer utenriks- og sikkerhetspolitikken
- Etter en folkeavstemning i 1997 fikk Skottland en selvstyreregjering og eget parlament, som begge har sete i Edinburgh.
- Alex Salmond (nasjonalistpartiet SNP) skotsk førsteminister siden 2007
- 18. september går skottene til urnene for å si ja eller nei til selvstendighet (frå www.snl.no)

Kjelder:
http://www.nrk.no/verden/dette-skjer-hvis-skottene-sier-ja-1.11936893
http://no.wikipedia.org/wiki/Folkeavstemningen_om_skotsk_uavhengighet_2014


Då håpar eg at du lærte noko av dette innlegget, for det gjorde jallefall eg! :)



fredag 12. september 2014

Oppdrag 2 - Haust

Heisann!

I dag var oppgåven haus, og at me skulle ta bileter nede med stokki.
Det var faktisk ein litt vanskeleg oppgåve, iogmed at det ikkje er så veldig haust endå, eller det er jo haust, men det er ikkje så veldig mange haustteikn ute. Meeen, eg prøvde så godt eg kunne, og blei ganske så fornøyd med resultatet!

Her kjem resultatet:



Sidan me hadde litt ekstra tid, lagte eg fann nokre bileter frå www.weheartit.com som eg synes var fine, og som eg poster i tillegg! :)








-Karen

fredag 5. september 2014

Oppdrag 1 - Skulestart

Heisann!

Då var eg endeleg tilbake igjen, etter ein  lang ferie. I ferien var eg i USA, Italia og i London. Eg var også på hytta på Ogna, og på hytta i Mandal. Det var kjekt å vere alle plassene, men nå var det kjekt å endeleg begynna på skulen igjen etter to ekstra veker med ferie, grunna streiken. I dag er oppgåven å skrive om korleis skulestart var.

Eg synes det var greit å endeleg begynne igjen, men eg savner å kunne sove lenge. Men for å seie det slik, var det veldig kjekt å treffe alle klassekameratene igjen.

Planen i dag er å intervjue ca 10 personer om kva dei synes om skule start. Dei må seie tre ting, og det må begynne på ein bestemt bokstav. eks: Kva synes du om å begynne på skulen igjen? Svar på a, b og c.

A- avansert
B- brutalt
C- chill
D- deilig
E- ekkelt
F- forferdelig
G- grusomt
H- hardt
I- invikla
J- jublande
K- kjekke lærere
L- lærerikt
M- morsomt
N- negativt
Kjelde: HER
O- ok
P- pyton
Me droppe Q
R- relativt allright
S- stress
T- tåpelig
U- usympatisk
V- voldsomt
W- wild
Me droppe X
Y- ynkelig
Me droppe Z
Æ- ærligt
Ø- ødelagt
Å- åndelig

Takk for intervjuet gutter!

-Karen

mandag 12. mai 2014

Oppdrag 29 - Petter Northug si ulykke

Heidu!

Idag var oppgåva å skrive litt om ulykka som skjedde med Petter Northug, og deretter spør fem på gata.

Petter Northug blei fødd 6.januar 1986 (28 år), og er veldig kjend for dei gode ski-eigenskapa. Han har vunne 10 VM gull, og mykje meir, så han er veldig flink til langrenn!

Men natta til søndag den 4. mai, skjedde det som ingen trudde kunne skje med, Petter. Han køyrde i Audien sin og var i ei alkoholpåverka tilstand. Han klarte å krasje på Byåsen i Trondheim og stakk etter på av frå åstaden. I etter tid angrar han veldig på det han gjorde og forstår at folk har ingen tolleranse for det.


Eg og Sara intervjua fem personer, både serriøse og useriøse spørsmål om kva dei synes om hendelsa:
Veit du noko om hendelsa som Petter Northug var innblanda i?
  • Ja, kan litt (Elev 1)
  • Ja, litt, men ikkje så mykje (Elev 2)
  • Ja, det veit eg (Lærar 1)
  • Ja (Elev 3)
  • Nei, ikkje så mykje (Lærar 2)
Synes du at det var meir greit at det var Petter som krasja, enn om det hadde vore ein "normal" person?
  • Nei, alle skal ha like rettigheter og straffer
  • Alle skal ha same rettigheter, det har ingen ting å seie om du er "Noob", eller "poppis"
  • Det har ingenting å seie kven det er, alle burde få same straff
  • Nei...
  • Ja, synes han skal få mildere straff, han er jo tross alt kjendis!
Viss det hadde vore du som krasja, hadde du også stukke av?
  • Spør nok på situasjonen..
  • Eg hadde nok ikkje stukke av, men hadde berre lugge der å drukke enda meir
  • Nei! Trur nok ikkje det hvertfall...
  • Nei, trur ikkje det
  • Ja, eg hadde nok det
Kjem du til å heie på Petter sjølv om han krasja, viss du i det heile tatt heier på nokon?
  • Ja, fekk faktisk endå meir respekt for han etter ulykka!
  • Ja, "seff", er du best, så er du best!
  • Bryr meg ikkje om sport, så nei..
  • Kjem til å heie på han uansett!
  • Ja, Petter er forbildet mitt

    Dette var ei interessant oppgåve, som eg likte veldig godt, grunna at eg lærte mykje eg ikkje viste frå før av!
Kjelder:
http://no.wikipedia.org/wiki/Petter_Northug
http://www.seher.no/kjendis/det-har-v%C3%A6rt-et-t%C3%B8ft-d%C3%B8gn-71203

mandag 5. mai 2014

Oppdrag 28 - Fotostory - Konfirmasjon

Heisann!

I dag var oppgåva å lage ein fotostory, slik som sist, berre denne gongen måtte me dikte historia sjølve, men me fekk konfirmasjon som tema. Det er eit tema som passer veldig bra nå sidan me er midt i konfirmasjonstida. Eg var saman med Sara, Julie, Andrea og Celine, og me gjekk heim til Andrea og tok bileta, sidan ho hadde konfirmasjon i går og hadde mange rekvisitter me kunne få brukt for.

Roller:
Julie - Tyven
Karen - Gjest 1
Andrea - Konfirmant
Sara - Mor
Celine - Gjest 2
 
Her kjem historia:
 
Kvar blei det av kransekake-toppen?


Det heile starta etter mora hadde halde ein tale for Andrea.
Mora skulle gå ut på kjøkkenet for å hente kransekaka, men
det viste seg at toppen hadde forsvunne!


Kaka blei jo ikkje det same utan toppen!?

Kva skulle dei gjere no?
Konfirmanten blei veldig lei seg,
men bestemte seg for å spørje og undersøkje alle gjestene.


Først den første, men ho hadde ingenting...

Så den andre gjesten, men ho hadde heller ingenting...
Så tilslutt spurde ho den tredje gjesten, og ho såg at det låg
ein del av pynten til kaka i lommen til gjesten!
Andrea tok den ut og blei veldig lei seg.


Det viste seg at "tyven" bare hadde gøymt den
sidan, ho synes figuren som stod på toppen var
så fin, at ho måtte ta bildet av den før den
blei eten opp.
Tilslutt kom toppen til rette, og alle
åt kransekaka og var fornøgde.
 
 Dette var som siste veldig kjekt! Håpar at me neste gong får ein oppgåve om 17.mai, men kanskje ikkje fotostory igjen?


mandag 7. april 2014

Oppdrag 26 - Valgfag

Hei du!

Idag var oppgåva å skrive om alle valgfaga me kan velgje til neste år, då me skal velgje på ny. Sjølv har eg valgfaget medier og informasjon, som du kan lese meir om lenger nede på sida. Eg tenkte å skrive på ein litt annleis måte enn den tradisjonelle, så eg lagte ein reklame for kvar valgfag. Her kjem dei:


Design og redesign


Kjelde HER



 Kjelde HER



Kjelde HER


Kjelde HER


Kjelde HER


Kjelde HER
 
Kjelde HER


Kjelde HER


Alt i alt synes eg at dette var ein veldig kjekk oppgåve, sidan eg lærte meir om kva dei andre valgfaga eigentleg gjer. Valget eg kjem til å ta neste år er nok det same som eg har hatt dei andre åra, altså dette her!