fredag 30. januar 2015

Oppdrag 13- Yrkesmesse

Hei bloggen!

No er det veldig lenge siden eg har oppdatert bloggen! Læraren vår Hanne Fjordholm, har slutta, og den nye læraren vår kjem ikkje før neste gong. Eg gleder meg til å få ny lærar, det blir bra!!

Torsdag for to veker siden, 16.januar, hadde me yrkesmesse. Dette hadde me jobba med siden mandagen, og på torsdagen skulle me vise det frem. Eg hadde yrket personlig-tren

ar, og var på gruppe med Ingrid, Mads, Sander og Jenny. Jenny var sjuk heile veka så ho var ikkje med. Eg var veldig fornøyd med gruppa og me fekk gjort det me skulle gjere.


På måndagen fordelte me oppgåvene. Guttane skreiv intervju, medan Ingrid og eg skreiv den "skriftlige oppgåva". Me fann også fakta til plakaten. På slutten av dagen reiste me å prøvde å få takk i "shot-glass", på Europris, men begge Europrisane me var på, var utsolgt.

På tysdagen var me på Forus og intervjua ein personlig-trenar. Intervjuet var vellykka. Då me kom tilbake lagte me plaktar.

Onsdagen var dagen då me gjorde det me ikkje hadde gjort. Me hang opp plakatane, og Ingrid og eg handla inn til smoothie, og laga smoothien. Det tok mykje lenger tid enn det me hadde trudd, og me brukte nesten 3 timar.

På torsdagen hadde me dei første timane til å gjere oss klare til alle kom. Dagen gjekk veldig fort, og om kvelden kom foreldrene og dette var veldig koselig.

Alt i alt var dette ei kjekk veke, som eg lærte mykje eg ikkje kunne frå før av. Dei andre sine stander virka også interessante, men eg fekk ikkje så veldig god tid til å sjå på dei. Eg synes det er veldig bra at nesten alle la ned arbeid i det me gjorde.

-Karen
Kjelder (HER)