mandag 5. mai 2014

Oppdrag 28 - Fotostory - Konfirmasjon

Heisann!

I dag var oppgåva å lage ein fotostory, slik som sist, berre denne gongen måtte me dikte historia sjølve, men me fekk konfirmasjon som tema. Det er eit tema som passer veldig bra nå sidan me er midt i konfirmasjonstida. Eg var saman med Sara, Julie, Andrea og Celine, og me gjekk heim til Andrea og tok bileta, sidan ho hadde konfirmasjon i går og hadde mange rekvisitter me kunne få brukt for.

Roller:
Julie - Tyven
Karen - Gjest 1
Andrea - Konfirmant
Sara - Mor
Celine - Gjest 2
 
Her kjem historia:
 
Kvar blei det av kransekake-toppen?


Det heile starta etter mora hadde halde ein tale for Andrea.
Mora skulle gå ut på kjøkkenet for å hente kransekaka, men
det viste seg at toppen hadde forsvunne!


Kaka blei jo ikkje det same utan toppen!?

Kva skulle dei gjere no?
Konfirmanten blei veldig lei seg,
men bestemte seg for å spørje og undersøkje alle gjestene.


Først den første, men ho hadde ingenting...

Så den andre gjesten, men ho hadde heller ingenting...
Så tilslutt spurde ho den tredje gjesten, og ho såg at det låg
ein del av pynten til kaka i lommen til gjesten!
Andrea tok den ut og blei veldig lei seg.


Det viste seg at "tyven" bare hadde gøymt den
sidan, ho synes figuren som stod på toppen var
så fin, at ho måtte ta bildet av den før den
blei eten opp.
Tilslutt kom toppen til rette, og alle
åt kransekaka og var fornøgde.
 
 Dette var som siste veldig kjekt! Håpar at me neste gong får ein oppgåve om 17.mai, men kanskje ikkje fotostory igjen?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar