mandag 9. desember 2013

Oppdrag 14 - Juleballet

Heia kjære blogglesar!

Idag er oppgåven, som eg sa i overskrifta, å skrive litt om juleballet me skal ha på skulen vår. Jentene skal ha juleballkjolen, som det har vore snakk om i fleire månadar og gutane dress eller liknande.
Ballet skal vere neste onsdag den 18.desember frå klokka 19.00-23.00 i sørbøhallen. Først blir det mingling, så blir det pizza, brus og snop. Deretter er det underhaldning og etter det dansing. Underhaldniga er innslag frå elevane og kåringer frå elevrådet og lærarane. Elevrådet gjer prisar som: Årets kjærastepar, årets danseløve og årets fjortiss, medan lærarane gjer prisane: Prins, Prinsesse, Kronprinsesse, kronprins, konge og dronning. Dei to første er to åttendeklassinger, dei to i midten er to niendeklassinger og dei to siste er to tiandeklassinger. Under heile ballet kan ein gå å ta bilete oppe saman med vennene sine. Mange kan kanskje tru at det liknar litt på slike ball som det er i USA, men det er det ikkje. Det er ikkje normalt og ha ein date, men heller bare gå med kjærasten ikkje som date eller gå med vennene.

Eg og Sara intervjua fire personar, med eit litt anderledes intervju!

Hei, kva heitar du? Kva klasse går du i?
  • Per, 9a
  • Anders, 9f
  • Ida, 9b
  • Marie, 9b
Skal du på ballet? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Ja, siden det var kjekt i fjor
  • Eg veit ikkje heilt...
  • Ja, siden det er kjekt
  • Ja, fordi det blir sikkert kjekt
Ville du helst gått med prinsesse kjole eller supermanndrakt?
  • Supermanndrakt
  • Supermanndrakt
  • Prinsessekjole
  • Supermanndrakt
Ville du helst gått med støvler eller crogs?
  • Oransje crogs
  • Gule støvler
  • Fiske støvler
  • Grønne crogs
Ville du helst hatt ein kjole frå fretex eller ein dress sydd av vaskekluter?
  • Dress, siden eg e gutt
  • Dress, eg e jo gutt...
  • Kjole, e kje så farlig med Fretex då?
  • Kjole, siden samme grunn som Ida
Ville du helst hatt farga håret rosa eller blitt sminka av ein førsteklassing?
  • Sminka av ein førsteklassing
  • Sminka av ein førsteklassing
  • Sminka av ein førsteklassing
  • Sminka av ein førsteklassing
Ville du helst gått med ein kjeladress elle gått i undertøyet?
  • Kjeladress
  • Kjeladress
  • Kjeladress
  • Kjeladress
Dette var eit kjekt intervju og eg trur eg vil begynne å intervjuet på denne måten i staden for. Det var meir interessant og eg trur han eller ho me intervjua også likte det betre.

Me snakkas, Karen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar